Benedicte Maurseth // Møster/Pritchard @ Playdate

Arrangementsinformasjon

Albumslepp med Benedicte Maurseth 


Hárr er eit tingingsverk av Benedicte Maurseth, arrangert og framført i samarbeid med dei

mesisterlege musikarane Mats Eilertsen og Håkon Stene, med fl. til Hardanger Musikkfest i 2019.

«Hárr» er det norrøne namnet for Hårteigen, det mest særmerkte fjell på Hardangervidda. Verket er

såleis ein hyllest til dyreliv og fjellfolk frå Maurseth sine heimtrakter i Hardanger, og Arne Næss sin

miljøfilosofiske retning økosofi.

Som folkemusikarar alltid har gjort står også Maurseth open i sin samtid, og hentar impulsar frå andre

kunst- og musikkutrykk i samspel med andre. I verket Hárr vekslar det mellom norsk slåttemusikk, fri

improvisert musikk, amerikansk minimalisme, og utstrekt bruk av musique concrète som eit berande

element i komposisjonane, med lydar frå reinsdyr, fuglar, insekt, tamreinsgjetarar frå Hardangervidda

integrert i musikken.


«Det skapande arbeid, og det å gå timevis i fjell, er for meg mykje likt. Båe deler krev og framkallar eit

nærvær, og ei djup lytting som gjer sansane opne og klåre. Det er noko ein kan gjera åleine, eller dela

med andre, i stillheit eller i samtale. Båe deler krev også tid, tolmod og gjentakande repetisjon, og gjev

ein ei naudsynt påminning om noko anna, større enn oss sjølv».


«En overveldene vandring. Det er modig å la stillheten i perioder få hovedrollen i et musikalsk

bestillingsverk. Benedicte Maurseth har hatt mot til å gjøre det, og slik har hun skapt et mesterverk». Bladet Folkemusikk


 5 /5 «Benedicte Maurseth og musikarane hennar tok med publikum til fjells og

gjorde djupt inntrykk på publikum på urframføringa av tingingsverket til Hardanger Musikkfest «Hárr» i

Eidfjord gamle kyrkje». Avisa Hordaland:


Benedicte Maurseth – hardingfele

Mats Eilertsen – kontrabass, elektronikk

Håkon Stene – vibrafon, perkusjon og elektronikk