Language
Help
© TicketCo AS 2024.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
"Debut-albumet er ute og det låter nydelig! Ikke rart vi gleder oss til å sende dem på turné." - Vestnorsk Jazzsenter
Vi er så heldige å få besøk av denne gjengen som er på Stamveg turné!
Moskus har på kort tid etablert seg som ei leiande kraft i det norske musikkmiljøet. Som trio har dei motteke fire Spellemannsnominasjoner fordelt på fem studio-album. I skjeringspunktet mellom minimalisme, avant-garde, ambient og jazz har den akustiske trioen med sin særeigne kjemi funne fram til et unikt uttrykk med leiken musisering og kreativt samspel.
Pianist Anja Lauvdal er ein av landets mest aktive, ettertrakta og allsidige musikarar og komponistar. Ho er mellom anna musikalsk leiar for hyllest-konserten til Joni Mitchell som nyleg besøkte Grieghallen og Stavanger Konserthus. I tillegg består trioen av trommeslagar Hans Hulbækmo frå Atomic og Broen og bassist Fredrik Luhr Dietrichson frå Morgonrode og Moenje.
I Moskus er dei likeverdige medlemar som vekslar mellom fri improvisasjon og utforsking av komponert materiale, og her har dei med seg to leikekameratar til – bergensyndlingane Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll. Også dei har imponerande karrierar kvar for seg. Dei er begge velsigna med musikalitet i bøtter og spann og har dessutan kvar sin unike signatur som gjer lett å kjenna igjen og umogleg å erstatta.
Det opne og improvisatoriske går igjen i musikken til Brunvoll og Urheim. Duoen har alltid vore interessert i å blanda det kjende og det ukjende i sine låtar, både i tekstar, komposisjonar og klangar. Dei arbeider ofte utan fast oppskrift og endar gjerne opp med undrande, nysgjerrige låtar som både fenger og utfordrar. Musikken er tradisjonell, eksotisk og tiltalande på ein gong, og spelegleda er både leiken og smittande.
Debut-albumet fikk tilslutt navnet Barefoot in Bryophyte. Det gis ut av Hubro og kan høres på din foretrukne strømmetjeneste, kjøpes digitalt på bandcamp eller fysisk i platebutikken. På Facebook-siden til plateselskapet ligger det linker til ulike anmeldelser. Hittil har de kun fått femmere og seksere som vi har sett og det er fullt fortjent.
Turneen deres ser sånn ut:
Onsdag 6. nov. BERGEN
Torsdag 7. nov. STAVANGER
Fredag 8. nov. HUSNES
Lørdag 9. nov. STORD
MARI KVIEN BRUNVOLL vokal, elektronikk, perkusjon, harpeleik STEIN URHEIM vokal, gitar, elektronikk ANJA LAUVDAL piano, synth, elektronikk, vokal FREDRIK LUHR DIETRICHSON kontrabass, vokal HANS HULBÆKMO trommer, perkusjon, vokal
Denne onsdagen har vi gleden av å holde konserten på Østre!
Dørene åpner kl 20:00
Konsertstart 20:30
Billettpriser:
Student/ Low income: 150,-
Ordinær: 250,-
Generøs: 300,-